Tyrkia – Hellas – Norge

 

Araberlanda, Rødehavet og Suezkanalen låg no bak oss og vi er kommet til 26.april! 

Ute i Middelhavet separerer vi frå våras seglervenner etter ein dag motorkjøring gjennom siste halvdel av Suezkanalen.  Vi kalla over vhf-en og ønska våras venner god tur enten dei skulle vera nokre år i Middelhavet eller segla til sitt heimland. Vi hadde endelig klart å bestemme oss dagen før at vi segler til Finike i Tyrkia (og ikkje til Hellas) grunna sterke vinder lenger vest i Middelhavet.  Eit nytt hav og eit nytt kontinent med nye land låg framfor oss.   Den underlige følelsen av nesten å vera heime kom over oss. Vi måtte dra fram litt godsaker og feira!   

Temperaturen sank meir jo lenger nord vi kom, vi fraus så fælt at vi måtte kle på oss alt vi hadde på nattevaktene (ull, hue og votter) og likevel var det ein sann fornøyelse å gå av vakt og legge seg under dundyna til den som måtte gå på vakt.  Men midt på dagen var det

”t-skjorte-varme.”   Det første døgnet etter Suzkanalen møtte vi rotete sjø frå været som herja lenger vest, det gjorde oss litt sjøsjuke, og då var det godt å tenka at det ikkje er mange døgnseilaser igjen eller lange havkryss.  Vi brukte to døgn fra Egypt til Finike i Tyrkia.  Det siste døgnet hadde vi vinden ganske forfra, men såpass at vi klarte å slå av motoren og segle, og rein segling var det skikkelig lenge sidan sist vi hadde gjort.   

     

 ”Mamma, du må vokne, vi ser snø!”  Nei, det var unødvendig å bli vekt av sånt tullprat etter nattevakt, tenkte ei trøtt mor.  ”Kom å sjå, mamma!”  Hedda og Marita gav seg ikkje før mor kom ut i cockpiten og kunne sjå sjølv.  Sannelig stemte det!  Tidlig om morgenen etter to døgn kunne vi skimte høge (ca 3000m) snøkledde fjelltopper i det fjerne, Tyrkia var i sikte!  Stemningen gjekk ”i taket” om bord og dei siste mila gjekk fryktelig seint som alltid før eit nytt landfall. 

Finike var ein sjarmerende plass med dei nydelige kvite fjelltoppane rundt, grønne lier, blomstrende tre og busker, vennlige lokale som smilte (og lot oss gå i fred).  Marinaen var superfin og maten var billig og god.  Vi møtte fleire nordmenn som hadde båtane liggande i marinaen og skrytte fælt over Finike.  Vi leika med ein tanke samtidig som seilerentusiasmen seig ut av oss: kanskje vi bare skal stoppe her og nyte litt dagcruising i området og fly heim…..vi var i tvil!

    

    

 Men ein ting var vi ikkje i tvil om, og det var at vi ville ringe til Rosendal og seie at vi ville ha besøk av mormor.  Nokre dager etter kunne vi hente henne på flyplassen i Alanya.  Klemmer, kosing og prat skulle tas igjen for 2,5 år.  Men å ligge i marina går hardt utover lommeboka til ein jordomsegler (250 N.Kr). Så vi kasta loss dagen etter mormor var installert i båten og segla litt nordover langs kysten i Tyrkia.   Heldigvis fekk mormor rolig hav og fin seglvind, i alle fall ei lita stund før vinden forsvann heilt.  Vi motra oss fram same ettermiddag til Kekova Road som ligger godt beskytta som i ein stor lagune.  Frå sjøen såg vi rester av gamle festninger og kyrkjer på land, ruiner av gamal busetning og graver innhogd i fjellet.  Det føltes som vi segla gjennom gamal historie.  Vi kjørte over der det stod ”sunken landsby” på kartet.  Etter eit jordskjelv skal ein heil landsby gått under sjøen, og det er i dag forbudt å snorkle på denne plassen.  Midt i den store lagunen slepte vi anker, og plassen var velvalgt pga kapteinen hadde gjort heimeleksa si før svigermora kom på besøk og visste dermed at vinden skulle ta seg opp i løpet av natta.  Stille før stormen!

     

Rundt midnatt braka det laus, lyn, torden, kraftig regn og vindgufs gjorde det vanskelig å sove for alle (untatt dei minste).  Når slikt skjer er det best å sitje i cockpiten og følgje med.  Vi såg at den eine båten etter den andre rundt oss tenne lys og starte motor, det betyr dregging (ankerfestet har slept).  Det er lite kjekt i stummende mørke og sterk vind å måtte til å finne ein ny plass å ankre.   Vi svinga oss frå side til side i kasta, men dregga ikkje (takka igjen for å ha spade anker).  Uværet gav seg etter eit par timer og vi kunne leggje oss igjen.  Men ikkje så lenge, -for før sola hadde tenkt å stå opp var to utkvilte små jenter klare til bursdagsfeiring.  Pappa Rune fylte år (44år), og to spente jenter kom med sjølvlaga presanger og song på senga.  Og det beste Rune veit er nordlandslefse med brunost på, og det sørga mormor for, -i dag hadde lefsa til spesialistbaker Oddbjørg frå Rosendal bursdagslys og flagg på.

Uten at pappa visste om det, hadde vi fått vår japanske venn, Sam, til å lage eit akvarellbilde av Blue Marlin, -gjett om bursdagsbarnet vart glad!

Værguden gav oss mykje nedbør denne dagen, men det gjer ingen ting i godt selskap, og båten vart vaska igjen av ørkensand.  Men mindre kjekt var det at vi oppdaga lekasjer i fleire luker.  Så vi tørka opp på væte i båten.  Mellom bygene klarte vi å få ein tur inn til den vetle og gammelmodige landsbyen.  Trange gater og blomstrende små hager prega Kekova.  Tett inntil hus og i hager stod gamle og historiske sarkofager (steinkister), liknande slike kister vi såg kongane i Egypt vart gravlagt i. 

       

   

     

 Til den vetle turistplassen, Kaz var vår neste dagsetappe, og med gode anbefalinger frå norske ”Honeybird” som vi møtte i Finike, kan vi også seie at dette var ei perle: ca 1,5nm frå byen la vi oss til den anbefalte private brygga.  Her hadde ein famlie ein restaurant ved brygga si og i tillegg tok dei imot daggjester til stranda deira.   Her kom du kun med ein taxibåt som tok 10 minutter frå Kaz eller du kunne gå ein sti over berg og kratt i 1,5 time.  Her låg vi fint, med vår ”egen” brygge, ved Nuri Beach, i fire dager og heilt gratis.  Vi hadde gjerne felles kaffi på brygga med den hyggelige tyrkiske familien som dreiv restauranten.  Sjølv om nettene var grusom kalde var dagane så varme at eit bad i sjøen var fristande.  Vatnet var utrulig klart og fint, men dessverre er det ikkje mykje liv i sjøen i Middelhavet.  Men ei stor skilpadde tok daglig turen inn i bukta.  Familien hadde mange oliventre på halvøya si, og Hedda og Marita fann fort ut at dei kunne laga si eiga hytte under eit oliventre.  Her inviterte dei oss andre i båten til lapper som dei steikte først i båten.  Mormor var invitert til å vera handarbeidslærer under treet, men elles drog dei med seg skulebøker og hadde sjølvstudier i skyggen.   Vi hadde utsikt mot nokre graver som var hogd inn i den stupbratte fjellveggen på den andre sida av bukta.  Vi klatra opp og tok ein kikk på dei gamle gravene, -dette kunne også minna om gravene i Kongenes Dal i Egypt.  Dei må ha vore modige som har hengt i fjellveggen og hogd gravene ut, enkelte såg ut som inngangen var rett inn frå steile veggen.

Den spreke mormora ville teste ut formen vår og syntes vi skulle gå stien inn til byen. Mykje fysiske utskeielser har vi ikkje hatt på jordomseglinga, men vi alle klarte det med glans, berre litt blå negler etter å gå med sko (etter gammalt).   Inne i byen var det markedsdag der lokale bønder selte alle slags frukter og grønnsaker, andre med heimelaga oster, honning, yoghurt, syltetøy, oliven, krydder, keramikk, smykker, brød, klær og sko.  Prisane var ikkje så ille, og vi fekk handle inn for å ha eit lite lager før vi neste dag skulle segle mot dei greske øyene. 

Den vetle tettstaden Kaz var veldig koselig, reint og fint.  I havna i Kaz prega det ein rolig idyll, små og fargerike tyrkiske fiskebåter låg på det stille vatnet, og pelikaner låg der og ikkje brydde seg om nærgående folk.

       

     

     

 Mormor si veke gjekk altfor fort, og vi måtte ta farvel, men denne gongen skulle det ikkje bli 2,5 år til.  Ho tok taxi frå Kaz til Alanya.  Og det var på tide for oss å reise videre også.  Vi sjekka ut frå Tyrkia og sette kurs for den greske øya Symi nokre timer etter mormor var dratt.  Vi hadde ingen vind så vi motra, og om natta køyrte vi tett oppunder Rhodos og hadde mange fartøy rundt oss til tider.  Dette var vår siste nattseilas på turen, så om vi vart litt frostige på nattevakten, -så pytt sann, dei neste nettene skal vi få ligge under dyna heile natta igjennom.  

Tidlig på morgenen segla vi inn og la oss i ei stille bukt på austsida av øya Symi.  Det var ikkje mange hus i denne vetle bukta, men husa hadde den koselige og typiske greske stilen, med tjukke murvegger og ei fin lita kvitkalka kyrkje heilt på sjøkanten.  Vi gjekk ca 4 km over til den andre sida av øya, til hovedstaden på øya.  Dei koselige og gamle vindmøllene på høgden av øya låg der og minna oss om ei svunnet tid.   I byen kunne vi sjekka inn til Hellas og dette var vår første stopp i EU.   Huff, prisane på matvarer hadde stige 3-4 gonger ”over natta,”  jammen var vi glad vi hadde handla mat i Tyrkia og fortsatt hadde boksemat frå andre ”billige land.”  Byen var utrulig koselig, og den nyoppussa byen hadde beholdt den sjarmerande greske stilen.  Her vil vi tilbake igjen på ferie!

     

     

 Øya Levita låg ein laaang dagseilas unna Symi, vi brukte alt dagslys og kom fram i den godt naturlig beskytta bukta i det sola gjekk ned.  Det er kun ein fyrvokter-familie som bur på øya.  Dei har sauer og geiter og serverer gjerne forbipasserende seglere eit herlig kjøttmåltid eller blekksprut.  Hellas og Tyrkia er kjente for sine blekksprutmenyer.  Vi fekk tom sjå blekkspruter gå rundt og jakte på sandbotnen når vi kikka over båtripa, det seier både om mengden med blekkspruter og kor klart vatn det er. 

Atter ein lang dagseilas og Naxos var vårt neste mål.  I det vindstille og blanke havet kasta Hedda og Marita seg på sjøen medan vi motra i fem knop.  Dei hadde laga seg eit langt tau i surfebretta sine og ville sjå om dei kunne få ligge på magen på bretta og bli dratt.  Heilt topp syntes dei det var, men når leppene var blåe og tennene klapra var det på tide å hale dei inn.  Når dei hadde fått att varmen heiv dei seg i sjøen igjen.  Plutselig datt Hedda av og på kort tid var ho ganske langt bak båten, vi fekk kommunisert at vi ville snu og hente henne.  ”Nei, eg har godt av ein lang svømmetur ropte ho tilbake.”  Så vi berre sette båten i fri og låg og dreiv til ho nådde oss igjen.  Eg trur det var mor som var mest redd!

Ikkje lenge etter denne hendelsen såg vi ei stor skilpadde som låg heilt i vannskorpa, vanligvis vert dei redde og dukkar når vi kjem tett på.  Men denne dukka ikkje ned, vi sirkla fleire gonger rundt henne, så muligens ho var sjuk?

   

 Naxos har vi (før barna kom til verden) vore fleire gonger, for der har nemlig Berit og Vidar frå Lillehammer hus, verdens koseligaste hus og snillaste par.  Berit kom og henta oss med bil og køyrte oss heim til deira herlige paradis.  Jo, jentene våre falt også pladask for vertsfolka og denne plassen.  Det var utrulig kjekt at Berit og Vidar var her når vi kom rekande forbi.  Vi hadde eit ønske om å bestige den ca 1000m høge fjelltoppen Zevs.  Det er i dette fjellet dei gamle grekarene meiner at den greske guden Zevs vart fødd og budde.  Fødestaden er ei hole i fjellet som vi passerte på veg til toppen.  Formen til dei late seglarane var heldigvis ikkje så ille, og vi nytte fjellturen i fulle drag med fargerike blomsterenger i starten før det bar over steinurer og ein kolofenemenal utsikt på toppen.

På Naxos er det mykje fin marmor, og då Berit lånte oss bilen benytta vi sjansen å køyre til eit slikt steinuttak.  Hedda og Marita som er så glad i stein synes at vi godt kunne ta med oss nokre marmorblokker i båten, -men det gjekk over alle grenser, meinte kapteinen.  Men det dei klarte å putte i bukselommene såg ikkje den strenge kapteinen før det var for seint.  Noko av det ein jordomseglar setter pris på er å få dusje og få vaske klede.  Då vi kom heim frå fjellturen låg alle kleda våre vaska og bretta (og det var mange maskinvasker).  Snakk om service!  Og dusjen var fantastisk!  På båten er det alltid snakk om å spare vatn, og jentene blir påminna 1000 gonger til dagen, så då det var snakk om å få dusje spurte dei Berit om det var mulig å få sløse litt med vatnet når dei dusja.  Det er mykje som er selvfølge for nokon, men ikkje for andre.

 Berit og Vidar inviterte oss til overnatting, men det er ikkje kjekt å sove borte frå båten når den ligger på anker, så vi takka nei.  Då vart jentene skuffa og sa: ja, men kanskje vi kan!  Og slik vart det!   Berit og Vidar og deira besøk frå Norge var barnevakter og stod over Melodi Grand Prix som dei hadde tenkt å sjå på storskjerm på den lokale baren.  Og vi foreldre var meget takknemlige for tilbudet.  Rune og Idunn hadde ein god blekksprutmiddag på restaurant og fekk med seg Melodi Grand Prix i båten.  Hurra for Norge og Alexander!

       

     

       

 Og hurra for 17.mai!

Vi vakna uten jentene, fryktelig rart!  Idunn steikte opp tre ruller med kransekakemasse som svigermor kom med til Egypt.  Vi var invitert sammen med Berit, Vidar og deira besøk til andre nordmenn som har hus ved sjøen, Mikrivigla (fortsatt Naxos).  Då vi henta jentene fortalde dei ivrig at dei hadde vekt dei andre i huset klokka fem og sunget ein sjølvdikta 17.mai-song.  Deretter hadde dei gått i tog til dei greske naboane og vekt dei med song og vifta med sjølvteikna flagg, -så vi får berre håpe at naboforholdet er fortsatt varmt for Berit og Vidar….!

Vestfoldingene Anne og Gunnar venta på oss med kaffi, kaker og is i hagen ved sitt herlige ferieparadis i Mikrivigla.  Vi var ein liten forsamling på 12 nordmenn som var samla, og det gjorde utslaget til at vi gjekk i tog og song av full hals i området, gjennom hager og ned på stranda.  Men om Berit, Vidar, Anne og Gunnar hadde leika ”bro, bro brille” hvis ikkje Hedda og Marita hadde vore der, det tviler vi på.  Husverten haldt 17.mai-talen, Hedda og Marita framførte nokre sanger og vi hadde allsong.  Inne i huset deira stod TV-en på så vi kunne titte litt på direktesending frå Norge, veldig rart å sjå TV frå Norge igjen, og den gode nasjonalfølelsen vi hadde med å vera samla så mange nordmenn. 

Vi avslutta festen med bading i sjøen og tok farvel med alle sammen.  Dagen var heilt topp takka være Gunnar, Anne, Berit og Vidar og dei to andre para.

Vi jentene hadde fått viljen vår! -for kapteinen hadde sett at dårlig vær var på veg og vi måtte bort frå området, så han ville helst ha segla vestover på 17.mai.  Men der fekk han tre feststemte jenter mot seg, men vi lova å vera klare til avgang klokka 05.00 den 18.mai.  Og det var vi!

     

     

 I fin seilvind hadde vi god fart heile formiddagen (18.mai), målet var å runde fastlandet (ca 70nm), ”Aten-halvøya,” før dei kraftige vindane sette inn og før det vart mørkt.  Akkurat som meldingane sa, kom vinden litt utpå ettermiddag, og den kom fort og hardt.  Heldigvis var brødbaking og matlaging unnagjort.  Vi hadde tre rev i storseglet og flaug av gårde i den frådande sjøen.  Her var det berre å halde seg fast og prøve å ikkje bli sjøsjuk.  I kveldinga runda vi det etterlengta neset og vinden og sjøen roa seg betraktelig.  Vi ankra i bukta under det imponerande byggverket Poseidon Tempel, det var her dei ofra til sjøguden Poseidon.  Tempelet er strategisk plassert med god utsikt over sjøen, -sjøen er rekna som røff og vanskelig før ”Athen-halvøya.”  Ankeret haldt festet sjølv om vi målte over 40 knops vind om natta.  No hadde vi berre 25nm til øya Aigina der vi ville ligge i ro fleire dager og la ut frå ”Poseidon-bukta” i frisk bris.  Men då vi ikkje lenger var i le av land fekk vi den vedvarande sterke vinden over oss.  Vi segla på kryss av vinden og hadde berre ein liten flik av fokket ute, likevel hadde vi 6-7 knop i båten.  Det var ”strong wind warning” og få båtar var ute på sjøen, og det skjønar vi godt, men det stod heldigvis på berre i ca fire timer.  I første og beste bukta på lesida slapp vi anker.  Vi ville gjerne gå til hovedbyen på Aigina, men det var umulig å gå til kai i så sterk vind, så vi venta til dagen etter.  Vinden er roligast på morgenen så vi starta tidlig og kom til kai i byen etter eit par timers segling.  Vi la oss til på ”mediteriean style” som er å kaste ut anker i baugen og legge seg med akterenden til kai.  For ein herlig by!  Smale gater, restauranter, koselige butikker, fine strender rett ved havna og kort avstand til den morgenfriske lokale bakeren..   Det var ein nytelse å kunna gå av og på båten når vi ville (vel, det er alltid variasjonen som vi synes er så fint), vi var midt i smørøyet no!  Aigina er kjent for dyrking av cashew nøtter.  Rett utafor bykjernen voks dei vakre trea, og dei lavde av nøtter, men innhausting var litt for tidlig i sesongen.  Frå Aigina var det fin mulighet å ta hurtigbåt inn til Pireus og besøke Athen.

   

   

   Skuletur til Athen!  Å sitte på ”Flying Dolphin” over til Pireus var litt annleis enn når Blue Marlin kjører på sitt høgaste gir.  Målet var å besøke Akropolis med alle sine tempel og teater, den gamle Olympia Stadion og få sose litt rundt på markeder.  Sjølv om ein berre er 9,5 år (eller 44) så klarte disse historiske byggverka å imponere stort.  Akropolis har over tusenvis av år vore av stor religiøs, intellektuell og kulturell betydning for byen Athen.  I templa foregjekk kontakten og ofring til dei greske gudane.  Grekarane var glade i underholdning og teater, dei kunne gå opp til 3 gonger på teaterforestilling på ein dag.  På akropolis er det to amfiteater der det i dag vert sett opp forestillinger.  I skuleekskursjonen vart det fletta inn gresk mytologi og OL`s historie, samt gresk mat og musikk.  På det store kjøtt og-fiske markedet i Athen gjekk vi som nysgjerrige turister og titta.  Fleire slaktere ropte og lurte på kvar vi kom frå, då vi sa Norge var dei ikkje seine om å dra fram dei lange slakteknivane og etterlikne Alexander med fela.  Vi lo så vi sto krokete då dei laga eit provisorisk show for oss.  Tydelig at dei også likte vinnermelodien!

     

       

   

 Korinthkanalen, here we come!

På slutten av 18oo-talet lykkast det endelig for grekarane å få kanal gjennom landet, slik at dei delte av Peloponesia i sør og dermed slapp små båtar å køyre rundt halvøya.  Den tre kilometer lange kanalen er berre 5-6meter djup og ca 10-12 meter brei.  Kanalen er gravd ut i limestone og det betyr at det raser mykje frå sidene og kanalen er stengt ein dag i veka for vedlikehald.  Steinveggen er på det høgaste 90 meter.

 Frå Aigina var det berre 20nm over til kanalen.  Vi la oss til ein kai for å betale verdens dyraste kanalavgift (ut frå lengden), -for vår 41 foter kosta kanalen 180 Euro.  Her var det ingen sekunder å tape!  To minutter etter Rune hadde gått til kontoret til kanalmyndighetene kom han springande med papirene under armen og ropte: ”Idunn, start motoren og kast loss.”  Han heiv seg om bord og vi rokk akkurat kolonnen sammen med to andre seglbåter.  Den hektiske stunda gjekk fort over og vi drog fram kameraer og satte oss på dekk (utenom kapteinen) og nytte den spesielle kanalen.  Den er så smal at den er lysregulert med rødt og grønt lys i kvar ende.  På begge sider langs kanalen skar dei bratte veggene rett ned i sjøen.  Det var som å køyre i ein trang gang med høge (90m) vegger.  Utrulig at dei kunne grave ut denne kanalen med så lite tekniske maskiner.  Fleire plasser hadde store stykker av den mjuke steinen rasa ut.  Vi smaug oss under den eine brua etter den andre.  I god medstraum var vi på andre sida på ca 20 minutter.  Marita og Hedda såg ut som to spørsmålstegn då vi nærma oss enden og såg at det var ein bilveg som kryssa kanalen berre 2-3 m over vatnet.   Kva no, må vi snu?  Men det varte ikkje så lenge før biltrafikken vart stoppa og heile bilbanen forsvann under sjøen, det var ei senkebru.  Heile vegbanen gjekk ned under sjøen og vi kunne køyre over ”brua” med båten.

 

No kom vi ut i ein stor og vid fjord som vi brukte til sammen fire dager på før vi kom ut i Ionia sjøen (vestsida av Hellas).  Kvar natt fann vi ein koselig plass å ankre på eller at vi gjekk inn til ein liten tettstad og la oss ”mediterian style.”  I Hellas har dei ikkje så mange marinaer, men det offentlige har tilrettelagt kaiområder i sentrum for besøkende seglbåter.  Det koster ca 50 kroner pr natt (om det er nokon i det heile som kjem og samler inn penger då).  Av og til var det koselig å ligge i ”smørøyet” og av og til vart det for tett og slitsomt.  I Ionia-området var det ganske tett med seglbåter til slike kaier, men vi var stort sett åleine jordomsegler, dei fleste var charter båter eller at dei har båten sin liggjande i Middelhavet og berre segler rundt der i sesongen.  Den gode varmen og dei sosiale stundene vi pleide å ha med andre jordomseglere vart borte med ein gong vi kom inn i Middelhavet.  Grekarane er også litt lukka og smila deira sitter lenger inne (enn tyrkere).  Men det er vel så når dei har tusenvis av turister, noko som ikkje t.d. Stillehavsøyene eller Indonesia har.  Der kunne dei lokale takka oss så hjertelig at vi kom og ankra i bukta deira og invitere oss heim eller koma ut med frukt til oss.  Dette var medvirkande at vi klarte å forstå at no nærma det seg slutten på turen.  Vi fann ei bukt på øya Maganesi som vi følte var vår vesle paradis.  Berre eit par andre båtar låg i nærheten, vi tok lange svømmeturer, grilla kvar dag på land og hadde litt skule.  Dette var vår aller siste havn på heile turen, vi ville berre stoppe opp og kose oss og nyte tida, og det gjorde vi i ei heil veke.  Kjempekjekt var det at vår engelske venn (og solosegler), Nick på båten Kika, ”kom forbi,” han skulle krysse over til Italia, men tok seg tid til å stoppe eit par dager.  Han har ein kajakk som Hedda og Marita elsker å låne, så det var heilt topp med ”besøk” i bukta vår.  Vi feira bursdagen hans den dagen han reiste, og med seg i ”nistekorga” fekk Nick lapper som jentene hadde laga og nysteikt eplekake med vaniljesaus.   

       

 Det var vemodig å bryte opp frå bukta vår, men vi prøvde å oppmuntre oss sjølve med at vi hadde mykje spennande i vente (men det hjelpte lite).  Etter nokre timars motorkjøring og gjennom kanalen på innsida av Lefkas kom vi til Preveza.  Vi visste at det var tre marinaer, og vi måtte ta ein evaluering på kven av dei vi ville leggje båten i for vinteren.  Enige vart vi straks at Aktio Marina var den rette for oss.  Med skikkelig profesjonelt utstyr tok dei opp båten på ei hydrolift ramme og plasserte sneglehuset vårt inn blant hundrevis av andre båter med ca halv meters avstand.  Det var så ustyrtelig trist at vi jentene måtte halde godt rundt kvarandre og grine. Vår kjære Blue Marlin stod parkert!  Det er sikkert og visst at båter har ”sjel,” for no såg han så riktig trist ut oppå det tørre..  Eventyr-reisa vår var slutt!  Ei tid vi aldri kan få igjen, fire fantastiske år sammen som familie, opplevingar som vi berre kan drøyme om, opplevingar som ikkje kan forstås av andre og knapt oss sjølve.  Vi kunne godt ha fortsatt å segle, men no var det ingen vei tilbake. 

    

 I to veker førebudde vi båten for vinterlagring.  Mykje skulle gjerast: vaske alle segl (for Rødehavssand og salt), vaske kjetting og anker, tette lekkasjer i takluker (for ørtende gang), og demontere, reingjere, tørke og stue vekk ein mengde med utstyr, pakke alle nødvendige (og unødvendige) ting vi ville ha med heim, sy presenning, men den største jobben var nok polering av båten (no skin han som eit spegl).

Så mykje skule fekk ikkje lærarane tid til, men jentene var flinke elever og tok ”sjølveundervisning.”  Og endelig kunne dei bruke dei sammenleggbare syklane våre og for ikkje å snakke om teltet!   Teltet som ikkje hadde vore brukt sidan New Zealand.  Dei sette det opp under båtane og sov der kvar natt, og inviterte oss til lunsj og kaffipauser og laga på presanger til dei heime.    Sommervarmen hadde komet for fullt, men i ”huset” deira var det svalere.  For å tjene litt penger hjelpte dei til med småjobber.  Noko anna som engasjerte Hedda og Marita var ”Tom” og ”Jerry.” To skilpadder som kom ruslande forbi vart jentene sine nye kosedyr og leikekamerater.  Jentene laga ein garde til dei, mata dei og gjekk tur med dei.  I marinaen var det eit fesjå når skilpaddene skulle trimmast.  Ja, då var Tom og Jerry eit syn med raude silkeband rundt magen og med to ivrige jenter som hoppa bak dei og leika at skilpaddene var hester.

Ein dag tok vi jentene med til byen og overraska dei med at dei skulle få hol i øyrene.  Dette var dei blitt lova når jordomseglinga var over.  Herlig å sjå kor glade og takknemlige dei vart, og så fine!  Som foreldre vil vi takke dei for ein utrulig tolmodighet og god oppførsel dei har vist gjennom heile turen.  Ofte har dei nok lengta etter venner, besteforeldre, leiker som andre unger har, lengta etter ordentlige lærarar og gå på ein ordentlig skule.  Men vi veit at vi har gjeve jentene ein annleis skule, og fylt opplevelsar (ikkje berre teori) i ”skuleryggsekken”  som kjennskap til andre språk, kulturer, religioner, folkeslag, geologiske og biologiske ulikheter, opplevd ein fantastisk dyreverden over vatn så vel som under vatn, vandra på stiar til kjente historiske personer (for eksempel Columbus, Cook, Darwin, Vasco da Gama og Heyerdal). 

      

    

 Avskjeden nærma seg!

Siste kvelden hadde vi eit lite avskjedsparty med våras to naboer i marinaen.  Jentene hadde laga sjokoladekake og teikna engelsk, nederlandsk og norsk flagg til å representera oss tre nasjonane og pynta kaka med.  Toppen av kaka var då Marita og Hedda satte i gang med ein liten ABBA-konsert for oss.  

Til sammen åtte kolli på nær 20 kilo kvar og fire ryggsekker klarte vi å stue inn i bilen til vår nederlandske nabo.  Svært takknemlige var vi for at dei ville køyre oss til ferjeplassen, Igominitza (1,5 time unna).

”Ha det godt Blue Marlin, vi kjem snart igjen,”  klemte jentene båten og slepte deretter Tom og Jerry fri (aller helst ville dei ha putta skilpaddene i ryggsekken).  Det var ikkje fritt for at vi jentene måtte finne fram lommetørkle igjen.  Blue Marlin hadde frakta oss trygt i ca 30 000 nm. Og tatt oss innom 33 ulike land, men mange, mange fleire øyer.

 Ferja over frå Igominitza på fastlandet og til øya Corfu tok 2,5 time.  No skulle vi ”feriere” i tre dager før vi skulle fly til Norge.  Vi fann ein koselig plass, Hotel Fiori, med ein idyllisk hage og eit deilig basseng og ein hyggelig betjeningen. 

Spenningen steig for kvar dag, vel, det har det gjort det site året, at det nærma seg heimkomst, gjensyn med familie, norsk mat, norsk natur…….

    

 Klokka 05.30 den 20. juni 2009 landa Norwegian med fire forfrosne og spente jordomseglere på Gardermoen.  Farmor trur eg var like spent som venta på oss.  Ho hadde fått låne vår kjære venninne Ingun frå Tønsberg sin store bil, -den samme familien som stilte opp med leilighet og guiding i Cairo.   Overraskande kom Ingebjørg-moster frå Øystese også.  Deretter bar det til velkomstfrukost i Bærum til morbror Sjur.  Her venta også søskenbarna Sofie og Juni.  Sjølv om forsamlinga var liten var den stor nok til taler og skåling,  

Han diska opp med alt det vi hadde drøymt om så lenge: bl.a. sursild, røykelaks, brunost, fårepølse ++++.  –Så synd vi berre har ein mage!! 

Det var ein riktig fin velkomst som vi satte stor pris på.  Det var heilt merkelig og godt å sitte med familien igjen.

     

Vi var ei heil veke hos farmor i Tønsberg.  Vi kosa oss i dei solrike og varme dagane med bl.a. besøk av søskenbarna Marte og Marius og onkel Jack.

Flittig reiste vi til Ingun, for der bur venninna til Hedda og Marita, Nina (som leika med dei i Cairo også), Jonas og Adam.

St. Hans vart selvfølgelig feira med gode venner på ”verdens finaste strand” (som Rune har sagt i alle år), Ringshaugstranda.  Her møtte vi igjen (etter tre år) seglervennene og dei nygifte Benjamin og Henriette frå båten Uterus, -kjempekoselig å sjå ”reserveforeldrene” til Hedda og Marita igjen.

 Så var det det praktiske, når ein lander i Norge uten å eige ein bil, ikkje ha TV, internett, telefon eller meir penger i banken.  Men, pytt! Vi begge hadde fått oss jobb og huset vårt stod innflyttingsklart i Stavanger.

Så kva gjerer vel det å kome heim igjen og ha mindre penger i banken når vi likevel er blitt så mykje rikare på andre måter!  Ein fantastisk rikdom av erfaringer og opplevelser som absolutt ikkje kan målast i penger, og i tillegg har vi fortsatt helsa i behold (berre litt dårligare form).

     

 Med nytt banklån og nyinnkjøpt bil reiste vi frå Tønsberg.

Oldemor på over 80 venta spent på Stathelle.  ”Tenk at eg skulle få sjå dåke igjen!” var hennar første kommentar før vi rakk å klemme kvarandre.  Ein god stopp hadde vi der før det bar opp Telemark i eit landskap der vi trygt kan skriva under på er noko med det vakraste i heile verden.  På Haukelifjell vart freistnaden for å prøve eit fjellvatn for stor for Rune.  Han heiv seg ut i isvatnet, -men kom fort opp att!

I Rosendal vart det nye gjensynsklemmar.  Endelig kunne vi få sjå morfar og mormor igjen.  Jo, det var godt å få kome heim også!  

Heimkomsten vår var den største bursdagspresangen morfar (81 år) kunne få og heile storfamilien var samla i heimen i Rosendal.  Det kjentes skikkelig godt ut å vera nær familien igjen, men samstundes fryktelig underlig.  Alt var som før rundt oss, vel, bortsett frå at vi alle hadde blitt litt eldre i kroppen.  Men inni hodene våras ruller det stadig opplevde hendingar frå turen som om hovudet har eit filmlerret inni, og den eine ”filmen” etter den andre blir vist, men det er ingen andre som ser dei.   Slike ”filmer” kjem vi til å ha resten av livet, men det er gode og minnerike stunder som vi håper vi kan få dele med mange framover………. 

       

 Då vil Blue Marlin-gjengen takke for alle som har følgt oss gjennom fire år rundt jorda.  Og vi vil absolutt anbefale andre og gjere liknande.

Vi er ikkje på sailmail lengre, men på internett om det er nokon som vil ta kontakt.